Opplæring i kriminalomsorga har i ei årrekkje samarbeidd med aktørar i Europa og dei nordiske landa. Særleg relevante organisasjonar er Nordisk nettverk og European Prison Education Association (EPEA). Alle skolar innan opplæring i kriminalomsorga har høve til å utvikle sitt arbeid gjennom deltaking i internasjonale prosjekt, konferansar og lignande.

Lenkjer til dei nordiske og europeiske organisasjonane finn du i venstremenyen

Internasjonale prosjekt og internasjonale utdanningsprogram
Dei politiske signala er klare: Utdanningssektoren skal vere internasjonalt orientert. Fylkesmannen i Hordaland oppmodar difor alle skular innan opplæring i kriminalomsorga om å ta del i internasjonale prosjekt, jobbskygging, kontaktseminar, konferansar osb.

Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU) gjev informasjon om dei ulike høve til økonomisk stønad gjennom internasjonale utdanningsprogram. Du finn informasjon på www.siu.no