Nettverket arbeider for å utvikle nordisk fengselsundervisning, og for å samordne nordiske prosjekt. 

Nordisk nettverk for fengselsundervisning er ein del av Nordisk nätverk för vuxnas lärande (NVL). Nettverket er samansett av personar frå kriminalomsorgs- og utdanningsstyringsmaktene med ansvar for fengselsundervisning i dei nordiske landa. I 2017 har nettverket fem faste medlemmer. Fylkesmannen i Hordaland har vore medlem av nettverket frå det vart formelt etablert under NVL i 2006. Nettverket mottek økonomisk støtte frå NVL ved Nordisk ministerråd.

Nettverket arbeider for å utvikle nordisk fengselsundervisning, og for å samordne nordiske prosjekt. Det har tidligare blitt tatt initiativ til nordisk forskning på området, noko som har resultert i rapportar – blant anna om den nordiske fangebefolkninga si utdanningsbakgrunn- og ønsker, kartlagt gjennom spørreundersøkingar i dei nordiske landa. 

.