Alle FOKO-medlemmar er óg medlemmar i European Prison Education Assosiation (EPEA). Annakvart år er det konferanse for EPEA-medlemmar og andre interesserte. I år er den 16.-19.november i Wien, Østerrike. Frist for lågaste påmeldingspris er 30.september.

Fylkesmannen i Hordaland gjer óg merksam på at Nordisk nettverk for fengselsundervising ikkje planlegger ein fellesnordisk konferanse i 2018 (som ein tidlegare har pleidd å ha annakvart år).

Påmelding
Informasjon om EPEA-konferansen og påmelding finn du ved å følgje lenkja under.
Ver merksam på at registreringssystemet krev online betaling (kredittkort/paypal oa). Om du har behov for faktura (invoice) for at arbeidsplassen din skal betale, skriv du først ein kort e-post til oppført kontaktperson (den lokale arrangøren) og ber om dette.  
Ver óg merksam på at du bestiller hotell utanom (forslag på nettsida). 

http://www.epea.org/2017/