Suzanne Five frå Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI) går i dag av med pensjon. Five har i ei årrekke vore KDI sin nasjonale kontaktperson for Fylkesmannen i Hordaland (FMHO) og skulen. Å tale skulesektoren si sak i KDI er eit arbeid ho har utført med største alvor, eit sterkt engasjement og ei imponerande evne til å arbeide langsiktig og målretta for å finne betre løysingar.

Skulen er ei importert teneste i fengsla, med stort behov for tilrettelegging og ei lang liste med krav til kriminalomsorga. Men Suzanne har satt seg inn i og tatt fatt på det eine kravet etter det andre, alltid målretta, handlekraftig og positiv. Suzanne gjer det ho seier ho skal gjere.

Suzanne har med ei positiv innstilling lagt til rette for forsking om innsette og opplæring og ho har arbeidd uthaldande og langsiktig med det kompliserte oppdraget det er å leggje til rette for IKT-tilgang for skulen i fengsel. Ho har stått på for å styrke samarbeidet mellom skulen og andre etatar i fengsel. Alt dette har bidratt til at fengselsskulen i dag spiller ei vesentleg rolle for å gjere mange innsette betre rusta for å vende attende til samfunnet.       

Som kollega kjenner vi Suzanne aller mest som ein person med eit bankande hjarte for særleg utsette grupper. Ho har med tydeleg og uthaldande stemme talt for tilpassa opplæringstilhøve for mellom anna kvinnelege innsette og menneske med svake grunnleggande ferdigheiter. Mange gode tiltak for desse gruppene har kome i gang med Suzanne som pådrivar.   

Vi ønskjer Suzanne ein god, ny periode i livet, med vel fortent høve til å fordjupe seg i sin lidenskap for kultur og til å bruke sitt engasjement for medmenneske på nye måtar.

Dei beste ønskjer for pensjonisttida til Suzanne Five frå kollegaer hos Fylkesmannen i Hordaland og alle som arbeider innan opplæring i kriminalomsorga.