I samarbeid med kriminalomsorga og Fylkesmannen i Hordaland, inviterer Ungt entreprenørskap for andre gang til nasjonal konkurranse innanfor innovasjon, entreprenørskap, kreativitet og nyskaping. Dette tek form av ein innovasjonscamp 6. til 20. mars 2017.

Samarbeidet med lokal arbeidsdrift i fengselet er sentralt i innovasjonscampen. Den eksterne oppdragsgjevaren gjev gruppene bakgrunnsinformasjon dei treng for å løyse utfordringa dei får presentert.

Gruppa – de innsatte - må samarbeide om å finne fram til den mest innovative løysinga. Tilbod om rettleiing undervegs i prosessen aukar læringsutbytte.

Kanskje det er ditt fengsel som kjem opp med eit nytt produkt, som vert salsleiande i kriminalomsorga, eller kanskje i heile landet!.

Sjå vedlegget til høgre for meir informasjon.

Meir informasjon følgjer over nyttår.