Den 3. januar sende Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI) ut eit brev som omhandla praksisattestar frå arbeidsdrifta i fengsel. Dette brevet kan gi rom for misforståingar.

Kriminalomsorgsdirektoratet sende i «Disponeringsbrev for 2017 – nærmere om måling av praksisattester» eit målkrav til eigen sektor, og der skolen er gitt eit ansvar for å utarbeide praksisattestane.

Fylkesmannen i Hordaland ønskjer å presisere at det ikkje finst nasjonale styringsdokument som peikar på skolen som ansvarleg for at praksisattestar frå arbeidsdrifta blir skriven ut.

Arbeidsdrifta er eit tilbod og ein aktivitet som er lagt til kriminalomsorga, og det er difor kriminalomsorga som har ansvar for at praksis frå arbeidsdrifta blir dokumentert. Skolen dokumenterer opplæring basert på læreplanverket og som står under pedagogisk leiing og ansvar.

Basert på samarbeidet mellom skole og arbeidsdrift, er det likevel nokre skolar innan opplæring i kriminalomsorga som samarbeider med kriminalomsorga om ulike typer attestar i fengsel. Det er lokale vurderingar og avtalar som då ligg til grunn.