Med denne rapporten ønskjer Fylkesmannen i Hordaland å peike på nokre trekk ved utviklinga innan opplæring i kriminalomsorga i 2016. Vi vil óg løfte nokre tema som krev merksemd i tida framover.

Vi tar utgangspunkt i desse tre tema:
1. Elevtal, elevmasse, utdanningsval
2. Rett til opplæring
3. Rett til koordinerte teneste og skolen som del av tverretatleg rehabilitering

I 2016/2017 gjennomførte Deloitte ei evaluering av tilskotsordninga, på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet. Evalueringsrapporten foreslo ulike modellar for omlegging av ordninga og kom med nyttige betraktningar av skolane sitt faglege arbeid. I juni 2017 kom den tverrdepartementale publikasjonen Redusert tilbakefall til ny kriminalitet - Nasjonal strategi for samordnet tilbakeføring etter gjennomført straff 2017–2021. Begge desse publikasjonane tar opp tema som er viktige for utviklinga av opplæring i kriminalomsorga i tida som kjem.

For ein generell og utdjupande oversikt over status innan opplæring kriminalomsorga viser vi til tal og visualisering her på nettstaden.