Opplæring innanfor kriminalomsorga er ei statleg øremerka tilskottsordning. Etter internasjonale konvensjonar skal ingen nektast rett til utdanning. Retten til opplæring og utdanning er den same for innsette i fengsel som for andre borgarar i Noreg. Fylkeskommunane er fagleg og administrativt ansvarlege for utdanninga i fengsla. Det er lokale vidaregåande skular som har det praktiske ansvaret for opplæringa. Fylkesmannen i Hordaland har det nasjonale ansvaret for all opplæring innan kriminalomsorga.

Opplæringslova gjeld for innsette i norske fengsel. Her vil vi vise til dei avtalar og lovar som kjem i tillegg til Opplæringslova.