Instruksjon og veiledning omkring rapporteringssystemet for skolane innan opplæring i kriminalomsorga 2017 finn du her.


Webinar om 2017-rapportering
23.mai: Du kan sjå opptak av webinaret ved å følgje lenkje i høgremenyen under "vedlegg".


Nokre viktige påminningar til ansvarlege rapportørar:
• Vi vil ha ei rapportering, skjema 1 (fengselavdelingar) (fire gonger i året og sluttrapport innan 15. januar 2018) frå alle einingar/avdelingar som har opplæring.
• Vi vil ha ei rapportering, skjema 2 (oppfølgingsklassar) (fire gonger i året og sluttrapport innan 15. januar 2018) frå alle oppfølgingsklassane.
• Vi vil ha ei rapportering, skjema 3 (avdelingsleiarar) (innan 20. januar 2018) frå den administrative ansvarlege for opplæringa innanfor kriminalomsorga frå kvar vidaregåande skole.
• Kvar ansvarlege rapportør får tilsendt eit brukarnavn saman med ei elektronisk lenke til rapporteringskjema.

Påminning til administrativt ansvarlege (skjema 3) blir sendt i uke 1 2018.

Du kan også bruke desse lenkene:

Skjema 1, Skoleavdelingar: http://survey.euro.confirmit.com/wix/p1855890530.aspx

Skjema 2, Oppfølgingsklassar: http://survey.euro.confirmit.com/wix/p1855890695.aspx

Skjema 3, Adminstrative

ansvarlege: http://survey.euro.confirmit.com/wix/p1855890748.aspx

Det er fire teljedatoar i 2017; veke 10 (07.03.17), veke 22 (31.05.17), veke 42 (19.10.17) og veke 49 (04.12.17). Dersom det av ulike grunnar ikkje er mogeleg å rapportere på ein eller fleire av dei oppgitte teljedatoane, må ein nytta nærmaste dato med "normal" opplæringsaktivitet.

Skolane bør merka seg teljedatoane, slik at det blir gode rutinar for innhenting og samling av opplysningar. Før kvar frist vil alle rapportørar får tilsendt ei påminning. Det blir også sendt purring til alle (sjøl om rapport er levert). Kvar rapportør må gjere seg heilt ferdig innan 15. januar 2018.

Alle skjema blir stengd 30. januar 2018 for vidare innrapportering. Listar over rapportørar og einingar finn du i menyen til høgre. Døme på dei ulike rapporteringskjema (i pdf) finn du også i menyen til høgre.