Målet for tilskottsordninga er å medverke med finansiering til fylkeskommunane slik at det blir gitt opplæring til innsette og lauslatne som har begynt på opplæring under soning, og som har rett til grunnskole- eller vidaregåande opplæring, eventuelt plikt til grunnskoleopplæring. 

For å motivere flest mogleg til å ta opplæring, også dei som har kort soningstid eller sit i varetekt, er det eit mål at det òg blir gitt kortare kurs. Kursa skal i størst mogleg grad ta utgangspunkt i kompetansemål frå Læreplanverket for Kunnskapsløftet og opplæring i grunnleggjande dugleikar. Det er vidare eit mål å leggje til rette for god opplæring i dei einingane for soning for barn og unge som er etablerte som forsøk.

Det er ei målsetjing for dei kommande åra at samarbeidet mellom skolen og arbeidsdrifta blir utvikla i samsvar med kriminalomsorga sin strategi for arbeidsdrifta. Dette vil mellom anna styrkje talet på innsette med dokumentert yrkesretta kompetanse. Det overordna målet er å gi fleire innsette høve til å tilby etterspurd kompetanse til arbeidsmarknaden når dei slepp ut av fengsel. 

I tråd med avtale mellom staten og kvar enkelt fylkeskommune av 23. juni 1988, og i samsvar med Retningslinjer for forvaltning av tilskudd til opplæring innenfor kriminalomsorgen under statsbudsjettet kap. 225 post 68 og i samarbeid med kriminalomsorga, skal tilskottet nyttast av fylkeskommunen til opplæring innanfor kriminalomsorga. Med dette er meint driftsutgifter og etter søknad midlar til førstegongsinnkjøp av undervisningsutstyr (investeringsutgifter). Det er fylkeskommunen som er fagleg og administrativt ansvarleg for opplæring i fengsel og dette er ein del av fylkeskommunen sitt generelle ansvar, jf Opplæringslova § 13-3 og § 13-10, 1.lekk.


Fordelinga av løyvinga mellom fylkeskommunane blir fastsett på grunnlag av
budsjettframlegg frå fylkeskommunane. Det må gjerast greie for type innsette (tal rettselevar, kjønnsfordeling blant dei innsette) type tilbod som blir gitt, soningslengda til dei innsette, tilbodet i anstaltar med låg grad av tryggleik, oppfølgingsklassar og etablering av nye anstaltar.

Koordineringsgruppa for opplæring innanfor kriminalomsorga drøftar framlegg til
fordeling.

Tildelinga blir gitt som ei rammeløyving som fylkeskommunen må halde seg innanfor. Opplæringstilboda må planleggast innanfor dei gitte rammene. Dersom verksemda overstig den tildelte ressursramma
for driftsåret, må fylkeskommunen/kommunen sjølv bere meirutgifta. Planlegginga
må skje i samarbeid med leiing i kriminalomsorga i region og ved den
enkelte anstalt i kommunen/fylket.

Fylkesmannen i Hordaland utbetalar 80 % av godkjend  ramme i budsjettåret (7/12 delar vår og 5/12 haust).  Utbetaling av resterande 20% av ramma blir gjort opp i samanheng med gjennomgang av reviderte rekneskap vår året etter.