Kvart år utarbeider Fylkesmannen i Hordaland ein samla nasjonal tilstandsrapport som gjeld opplæringa innanfor kriminalomsorga. Rapportane er basert på rapportering og oppsummeringar frå skulane som har ansvar for opplæringa. Rapporten er eit viktig ledd i den systematiske resultatoppfølginga av dette området.

Det er etablert opplæring i alle fengsla regjeringa har sagt det skal vere opplæring i. Det er oppfølgingsklasser ti stader i landet. I tillegg er det opplæringsansvarlege saman med andre parter i dei etablerte ND sentra (sentre for narkotikaprogram med domstolskontroll)to stader i landet og ved TAFU i Rogaland (tilbakeføring gjennom arbeid, fritid og utdanning).

Tal på elevar i oppfølgingsklassar 2016

Foto: Fmho / Fmho

I overkant av  11000 personar tok del i ei eller anna form for opplæring i 2016. Dette er om lag det same som i 2015, men vi ser at det er fleire som tar opplæring på deltid. Dei fleste tek opplæring i fengsel. Oppfølgingsklassane som er etablerte for å lette overgangen etter lauslating tek imot om lag 5 % av dei som tek opplæring i fengsel. 

Tal på elevar i fengsel 2016

Foto: Fmho / Fmho


Dei fleste opplæringstilboda er utforma ut i frå kompetansemål i læreplanar frå grunnopplæringa. Nokre kortare kurs er utforma slik at dei skal stimulere innsette til å ta ordinære opplæringsløp. 

I spalta til høgre finn du link til ei fil som visar hovedtal for heile sektoren over fleire år.