Fylkeskommunane og Oslo kommune skal i samsvar med Opplæringslova tilby opplæring på grunn- og vidaregåande nivå til innsette som har plikt og rett til opplæring. Kriminalomsorgsdirektoratet tilbyr en IKT - løysning til bruk for skoleverket til opplæring av innsette i kriminalomsorga. Denne løysningen heiter Desktop for skolen (DFS) og er eid og drifta av Kriminalomsorgsdirektoratet.

Målsettinga for denne løysinga er todelt. Den skal gi opplæringssektoren utsikt til å gjennomføre opplæring med bruk av IKT, i tråd med gjeldande regelverk, og samtidig fylle kriminalomsorga sitt behov for sikkerheit. Det er kriminalomsorga som eig IKT-løysinga. Straffegjennomføringslova pålegg kriminalomsorga, i samarbeid med andre offentlege etatar, å leggje til rette for at innsette og domfelte får dei tenestene som lovgjevinga gir dei rett til (§4).

Retningslinene til lova presiserer at domfelte og innsette har, med dei avgrensingar som følgjer av fridomsstraffa, same rett til tenester og tilbod og dei same forpliktingar og ansvar som befolkninga elles. Kriminalomsorga skal leggje til rette for at dei samarbeidande etatar skal kunne yte sine lovbestemte tenester til innsette og domfelte og for at innsette skal få del i disse tenestene.

I rundskriv G-1/2008 ”Rundskriv om forvaltningssamarbeid mellom opplæringssektoren og kriminalomsorgen” gitt 20.10.2008 av Justis- og politidepartementet og Utdanning- og forskingsdepartementet, blir ansvarsfordelinga mellom etatane regulert.

Opplæringa innanfor kriminalomsorga skal være likeverdig med opplæringstilboda i det ordinære skoleverket, og skal være i samsvar med opplæringslova og forskriftene til denne. Ei sentralisert desktoppløysing vil krevje større grad av standardisering, kor autonomi og lokale val av læremiddel blir redusert for å sikre ei stabil og god løysing som det er mogleg å drifte forsvarleg.

Innhaldet i DFS og tilgang til dette er avgjerande for at skoleverket skal kunne oppfylle sine oppgåver i samsvar med gjeldande regelverk.

.