ND er landsdekkjande frå januar 2016.

Prøveordninga Narkotikaprogram med domstolskontroll (ND) trådde i kraft 01.01.2006, og inneber at rusmisbrukarar kan dømmast til å gå gjennom eit rehabiliteringsprogram som føresetnad for dom på vilkår ved narkotikarelatert kriminalitet. Den dømde må ha motivasjon for å gjere noko med eige narkotikaproblem og dessutan samtykke til ei slik straff. Alternativet til deltaking i programmet er fengselsstraff utan vilkår. Prøveordninga Narkotikaprogram med domstolkontroll vart avslutta i 2014. Ordningen gjøres landsdekkjande og permanent frå 01.01.2016. 

Domstolane si rolle er viktig for at arbeidet i ND skal lukkast. Etter maktfordelingsprinsippet skal ikkje domstolane ha ei aktiv rolle når det gjeld forvaltninga si handheving av straff, men i dette programmet er domstolane si aktive dømming og oppfølging av den dømde si utvikling i programmet, ein avgjørende føresetnad i arbeidet for å lukkast. Narkotikaprogram med domstolskontroll er inndelt i 4 fasar: iverksettingsfasen, stabiliseringsfasen, ansvarsfasen og vidareføringsfasen. Innhaldet i dei enkelte fasane vert sett av domstolane etter tilråding frå ND.

OPPLÆRING

Frå sommaren 2011 vart opplæringsdelen i ND-sentra (Oslo og Bergen) lagt under Fylkesmannen i Hordaland, med midlar over statsbudsjettet til ein pedagogressurs kvar av stadene. Det er Oslo kommune og Hordaland fylkeskommune som har det faglege og pedagogiske ansvaret for opplæringsdelen i ressurssentra i Oslo og Bergen. Når det gjeld opplæringstilbodet anna stader i landet, vil Fylkesmannen i Hordaland oppmode til at det etableres kontakt mellom fylkeskommune og friomsorgskontor. Sjå eige brev under vedlegg når det gjeld dette.

I Oslo er pedagogressursen i ND tilsett ved Grønland voksenopplæringssenter, medan pedagog i Bergen er tilsett direkte i Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune. Deltakarane i Oslo er i hovudsak knytt til Grønland voksenopplæringsenter eller ordinære tilbod, medan ND-sentret i Bergen samarbeidar med Åsane vidaregåande skule – avdeling Fossane – som er ein oppfølgingsklasse for innsette ved Bergen fengsel og Bjørgvin fengsel. Også andre skular har vore nytta i Bergen. Fagopplæringskontoret og eksamenskontoret ved Hordaland fylkeskommune er viktige samarbeidspartnarar for å kunne skreddarsy opplæringsløp til deltakarene. Både i Oslo og Bergen vert pedagogressursen i ND nytta til rådgjeving, motivasjon, kartlegging og tilrettelegging kring opplæring.       

Fylkesmannen i Hordaland deltar frå 2016 i arbeidsgruppen og styringsgruppen for ND.