Oppfølgingsklassane utarbeider felles policydokument 

Som ein del av tilbodet innanfor opplæring i kriminalomsorga, er det opprette ti oppfølgingsklassar fordelt på ti ulike fylke. Målgruppa er gjennom retningslinjene for Tilskudd til opplæring i kriminalomsorgen definert som «løslatte med møteplikt hos Kriminalomsorg i frihet (friomsorgen) og løslatte som ikke er under tilsyn, dersom det gjelder fortløpende fullføring av opplæringsenhet som er påbegynt under soning». Oppfølgingsklassane blei først etablert for å lette overgangen frå utdanning i fengsel til deltaking i ordinær utdanning. Oppfølgingsklassane tok imot omkring 600 personar i 2016.

På samling for oppfølgingsklassane i juni 2017, vart det fastsett å utarbeide eit felles policydokument. Oppfølgingsklassane fungerer i dag dels ulikt med tanke på kva opplæringstilbod som blir gitt, og målgruppa er i praksis noko breiare enn den som er definert gjennom tilskuddsordningas retningslinjer. Ein ser difor behov for å utarbeide eit policydokument som beskriv rammene for verksemda til oppfølgingsklassane. Arbeidet vil styres av fagkoordinator for oppfølging – Anders Råen.