Spesialundervisning for vaksne

Utdanningsdirektoratet har i veilederen Spesialundervisning for voksne, gjort greie for vaksne sin rett til spesialundervisning. Dersom vaksne har rett til grunnskoleopplæring, kan dei også ha rett til å få spesialundervisning. Vaksne i vidaregåande opplæring har ikkje rett på spesialundervisning.

Retten til spesialundervisning gjeld vaksne med rett til grunnskoleopplæring. Det er to gruppar vaksne som kan ha rett til spesialundervisning. Den fyrste er dei som ikkje får tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbådet for vaksne. Den andre gruppa er dei som har særleg behov for opplæring for å kunne utvikle eller halde ved like grunnleggjande ferdigheiter.  

Det siste kan vere aktuelt dersom du etter å ha fullført vidaregåande opplæring framleis treng opplæring, eller du har fått ein skade eller ein sjukdom, og du treng hjelp for å fungere i det daglege

Fylkeskommunen har ansvaret for grunnskoleopplæringa for vaksne i fengsel. Fylkeskommunen har og ansvaret for å ha eit forsvarleg system for å sikre at krava i opplæringslova er oppfylt, jf. opplæringslova §§ 13-10 og 4A-4. Dette gjeld òg krava om spesialundervisning.

Den vaksnes rett til spesialundervisning er ein individuell rettigheit. Dersom den vaksne oppfyller eitt av grunnlaga etter opplæringslova § 4A-2, har han eller ho krav på spesialundervisning.

Ingen kan avvise den individuelle retten til spesialundervisning eller begrense spesialundervisningen med begrunnelse i for eksempel ressurser eller økonomi. Dette følger også av opplæringsloven § 13-10 første ledd.

Følgjande reglar i opplæringslova kapittel 5 gjeld også for spesialundervisning for vaksne:

  • § 5-1 andre ledd første og andre punktum: opplæringstilbudet skal være slik at den vaksne får eit forsvarleg utbytte av opplæringa
  • § 5-3: krav om sakkunnig vurdering
  • § 5-4: nærmare om saksbehandlinga
  • § 5-5: krav om IOP og årsrapport
  • § 5-6: krav om PP-tjeneste