Samarbeidsgruppa for TAFU sendte i oktober 2015 brev til Oslo kommune, Bergen kommune og Trondheim kommune, der ein inviterte til å søkje om nyetablering av TAFU. Desse kommunane vart valde ut på bakgrunn av kvantitative føresetnader som folkemengde og antall løslatelsar.

TAFU (Tilbakeføring gjennom arbeid fritid og utdanning) er forankra i Stortingsmelding nr.27 (2004-2005) Enda en vår og i Stortingsmelding nr.37 (2007-2008) Straff som virker. Utforminga av prosjektet er inspirert av det svenske KrAmi som blei starta i 1980.  

I TAFU arbeidar ein med å føre tilbake tidligare straffedømde – i hovudsak menn – i alderen 18 – 40 år til samfunnet. Dette gjennom å yte hjelp til deltakarane med å få arbeidspraksis, og/eller utdanning – med mål om vareg arbeid på sikt. TAFU er organisert rundt to bærande idear; samtidig forvaltningssamarbeid og felles pedagogisk plattform. Fylkesmannen i Hordaland var prosjekleiar for TAFU ut år 2014.

Bakgrunnen for at det har blitt gjennomført ei utprøving av TAFU-modellen i Noreg, er eit resultat av ein lang politisk og fagleg prosess der mange aktørar på ulike forvaltningsnivå har hatt ei felles forståing av at menneske som har sona dommar skal få den hjelpa dei har behov for ved retur til samfunnet. TAFU er ein samvirkemodell som møter slike utfordringar gjennom å tilby hjelp til tidligare straffedømde, der representantar for NAV, kriminalomsorgen, kommunen og fylkeskommunen jobbar saman og samtidig i felles lokale. Målet er å hindre tilbakefall til kriminalitet gjennom at deltakarane skal finne arbeid eller praksisplass, eller begynne på, eller fullføre utdanning – med mål om vareg arbeid på sikt. Arbeidsforskningsinstituttet, som har evaluert prosjektet uttaler i sin rapport (AFI 11/2013) at TAFU er godt i gang med å verkeleggjere denne målsetjinga – forstått som at det vert utført godt arbeid som får mange deltakarar ut i arbeid eller opplæring, men også målt i eit samfunnsøkonomisk perspektiv.   

Vidare arbeid med TAFU

Kunnskapsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet og Arbeids- og sosialdepartementet tok i juni 2014 avgjerd om å:

etablere TAFU Rogaland som et permanent tiltak fra og med 01.01.2015 og avslutte TAFU Tromsø ved utgangen av prosjektperioden inneværende år. Avgjørelsen er tatt på grunnlag av erfaringer fra prosjektperioden, blant annet dokumentert i den eksterne evalueringen gjennomført av Arbeidsforskningsinstituttet fra 2013. Departementet vil komme tilbake til de budsjettmessige konsekvensene av denne avgjørelsen. (Kunnskapsdepartementet).

Kunnskapsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet og Arbeids- og sosialdepartementet avgjerde samstundes å setje ned ei arbeidsgruppe som skulle utarbeide eit forslag til organisering av TAFU ved eventuelle utvidingar. Arbeidsgruppa var samansatt av deltakarar frå Arbeids- og velferdsdirektoratet, Fylkesmannen i Hordaland og Kriminalomsorgsdirektoratet. Rapport frå arbeidsgruppa vart levert sentral styringsgruppe i november 2014.

I tråd med arbeidsgruppa si tilrådning, vart det i eit statssekretærmøte i mars 2015, avgjort å etablere ei samarbeidsgruppe på direktoratsnivå med deltaking frå Fylkesmannen i Hordaland, Kriminalomsorgsdirektoratet og Arbeids- og velferdsdirektoratet:

Samarbeidsgruppen vil få ansvaret for den nasjonale oppfølgingen av TAFU og vurdere mulighetene for videre drift av TAFI Rogaland og evt. utvidelser (…) Statssekretærmøtet stilte seg positivt til videreføring og eventuelle utvidelser av TAFU. Samarbeidet må imidlertid ha tilstrekkelig lokal forankring der det etableres. Kommuner som beslutter å involvere seg i et TAFU-samarbeid, må selv ta ansvaret for å finansiere sine tjenestebidrag. (Kunnskapsdepartementet).

Dei involverte departementa vil framleis møtast i ei sentral styringsgruppe. Denne gruppa vil ha ansvaret for å koordinere arbeidet med statsbudsjett og eventuelt andre problemstillingar som krev politisk avklaring. Rapportering for arbeidet med TAFU vil foregå gjennom den ordinære etatsstyringa.

Samarbeidsgruppa for TAFU sendte i oktober 2015 brev til Oslo kommune, Bergen kommune og Trondheim kommune, der ein inviterte til å søkje om nyetablering av TAFU. Desse kommunane vart valde ut på bakgrunn av kvantitative føresetnader som folkemengde og antall løslatelsar. Samarbeidsgruppa for TAFU antar at gruppa med behov for bistand etter løslatelse er stor i desse  kommunane. I forbindelse med søknadsprosessen, vart det avholdt eit informasjonsmøte i januar 2016. Søknadsfristen er 01. november 2016.