Kven har ansvar for kva innan opplæring i kriminalomsorga?

Etter internasjonale konvensjonar skal ingen nektast rett til utdanning. Retten til opplæring og utdanning er den same for innsette i fengsel som for andre borgarar i Noreg.

Fylkeskommunane er fagleg og administrativt ansvarlege for utdanninga i fengsla. Det er lokale vidaregåande skular som har det praktiske ansvaret for opplæringa. I dag finn me fengsel med opplæring i alle 19 fylkeskommunar.

Fylkesmannen i Hordaland har det nasjonale ansvaret for all opplæring innan kriminalomsorga.