Kven har ansvar for kva innan opplæring i kriminalomsorga.

Nasjonalt ansvar for tilskotsordning og utvikling
Fylkesmannen i Hordaland har det administrative hovudansvaret for opplæring i kriminalomsorga i Noreg. Dette betyr mellom anna at vi handterer tilskotsordninga, og er opplæringssektoren sin hovudsamarbeidspartnar for Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI). Vi har og eit ansvar for å vidareutvikle ordninga og stimulere til samarbeid innan og på tvers av sektoren.

Pedagogisk og skuleadministrativt ansvar
Dei 19 fylkeskommunane har det pedagogiske og skuleadministrative ansvaret for ordninga.

Praktisk og fagleg gjennomføring
Lokale, vidaregåande skular er dei som gjennomfører og administrerer opplæringa av dei innsette i fengsla.