Inspirasjon og deling 2018!

Oppdatering: Fagsamlinga er full.  Alle påmeldte har fått plass.
Om du vil stå på venteliste, kan du sende ein e-post.


Velkommen!

Fylkesmannen i Hordaland og dei nasjonale fagkoordinatorane ønskjer alle som arbeider med - eller er interesserte i - opplæring innan kriminalomsorg hjarteleg velkomne til fagsamlinga Inspirasjon og deling 2018!

Start: Tysdag 6.februar kl 10:00
Slutt: Onsdag 7.februar kl 14:15 
Stad: Thon Hotel Arena (Lillestrøm) 

Prisar
Fullpensjon (alle måltid, overnatting)      3800,- (pr pers. enkeltrom) / 3200 ,- (pr. pers. dobbeltrom)
Dagpakke ein dag, inkludert lunsj           1300,-
Dagpakke to dagar, inkludert lunsj          2500,-
Middag for ikkje-overnattande                  450-,
Tilslutningsovernatting 5.feb.                  1395 ,- (Obs: Begrensa kapasitet)


Program og tema
 

Program med innhaldsskildring for parallellsesjonar finn du øvst på siden. Der ligg óg fagprogramma.
Endringar kan kome.

Fellestema i plenum
Alle vil få høyre om og diskutere desse fellestemaene på fagsamlinga:

1. Tverretatleg strategi for å hindre tilbakefall til kriminalitet
2. DFS (desktop for skolen) og digitalt fengsel 

Faggrupper
Faggruppe-programma er/blir publiserte øvst på siden, etterkvart som dei er klare. Innan språk og norskfaget har det vore nokre gruppejusteringar, og det blir i år felles faggruppeprogram (med tidvis gruppedeling) for samfunnsfag, norsk og språk.


Parallelle gruppesesjonar - meir interaktive og langvarige enn før
- Rusbruk og skole/læring
- Opplæring for innsette som ikkje snakker norsk
- Korleis handtere krav om vurdering for læring i fengselsundervisinga
- Internasjonal deltaking med programstøtte
- Læreplanar i endring (yrkesfag som "case")
- Frå fengsel til arbeidsliv- lærekontraktar, kontakt med opplæringspartnare og arbeidslivet
- Entreprenørskap i opplæringa i fengsel
- Samarbeid om innsette med store og samansette hjelpebehov
- Opplæring for innsette med korte dommar/ kort soningstid

Påmelding
Påmeldinga er stengt og det er fullt på samlinga (rekordpåmelding i år!). Alle påmeldte har fått plass. Om du ikkje er påmeldt, kan du kontakt oss på e-post, viss du vil ta over plassen om nokon må melde seg av. fmhocth@fylkesmannen.no

Gruppepåmelding - manuell fil (etter eige ønske)
Om du skal melde på ei gruppe personar (3 eller fleire), og ikkje ønskjer å føre inn ein og ein i påmeldingsskjemaet, kan du sende en e-post til Cecilie Høisæter -  fmhocth@fylkesmannen.no og be om ein tilpassa Excel-fil. Der du kan føre inn alle frå di gruppe manuelt, uten å repetere nøkkelinfo om fakturaadresse osv.

Avbestillingsreglar
Deltakarane får faktura etter seminaret, men avmeldingar etter påmeldingsfristen 22.januar kan bli fakturerte fullt om vi ikkje får avbestille ved hotellet. Ta kontakt med oss så snart som mogleg om du veit at du må melde deg av, i høve nokon står på venteliste for å bli med.


Spørsmål/ kontakt
Cecilie Høisæter (FMHO) 
fmhocth@fylkesmannen.no

-------------------------

Praktisk
Thon Hotel Arena ligg i Lillestrøm, kun få minutter å gå frå togstasjonen. Du kan reise dit med NSB eller flytog. Turen frå Gardermoen eller Oslo S til Lillestrøm tek ca. 10 minutt.
Parkering mot avgift rett ved hotellet (Ca. 90,-/dag, 150,-/døgn).