Faggruppe for norsk, språk og samfunnsfag, dialogkonferanse

Ønskjer du å bli medlem av faggruppa, ta kontakt med fagkoordinatorane. Kontaktinformasjon finn du under "Fagnettverk" 

Påmeldingsskjema vil bli lagt ut på denne sida i veke 46 

Me gler oss til å ønskja alle velkomne til ei spennande og lærerik dialogkonferanse i Trondheim. Dette blir vårt første møte etter endringane i Oppikrim samlingsstrukturen, og innhaldet er spissa mot faga våre heile vegen. Dialogkonferansen tek stad frå 6. - 8. mars 2024 på Scandic Solsiden Hotell, Trondheim. Me startar med lunsj den 6. mars kl 12, og utover ettermiddagen blir det økter, inkludert spelebasert læring og ein presentasjon av praksis i kreativ skriving fra Ludmila Knudsen (Ullersmo fengsel). På dag 2 (7. mars) samarbeid me med skrivesenteret ved NTNU for å utvikla læringsopplegg som gir elevane våre god trening på skriveferdigheitene. Dette på tvers av fag og nivå. Dag 3 jobbar me vidare med opplegga i grupper og samenfattar samlinga. Me avsluttar med lunsj kl 12. Me set av god tid til teambuilding, utveksling av tankar og idéer, og samarbeid på tvers av einingane. Fagnettverket dekkjer overnatting med frukost 6. og 7. mars og lunsj alle dagane. Me dekkjer også middagen dag 2. Deltakarane må skriva reiserekning til eigen arbeidsgivar for reise og middag dag 1.

Publisert 10.11.2023
Dato:
6. mars 2024 12:00 - 8. mars 2024 13:00
Stad:
Trondheim
Arrangør:
Fagkoordinatorane Rosie Thompson, Mandeep S. Samdani og Kirsti Kvalø
Målgruppe:
Faggruppa for norsk, språk og samfunnsfag

Fagkoordinator språkfag

Fagkoordnator samfunnsfag

Fagkoordinator for norsk