Fagleg og pedagogisk samarbeid i Norden

Nordisk nætverk for voknes læring (NVL) er eit program som blir administrert av VIA University College og finansiert av Nordisk ministerråd. NVL har som mål å fremje livslang læring på tvers av sektorar og på tvers av dei nordiske grensene, blant anna ved å bidra til utvikling av politikk og praksis gjennom arbeid i nettverk. Fylkesmannen i Vestland deltar i to nettverk i NVL - Nordiskt nätverk för utbildning i fängelse og Kompetenceudvikling af ansatte i voksenuddannelse.

Nordiskt nätverk för utbildning i fängelse har eksistert sidan NVL vart etablert i 2005. Nettverket skal medverke til kunnskapsutvikling på feltet for å støtte opp under opplæring i rehabiliteringsprosessen, og har som abmisjon at den kunnskapen ein har tileigna seg skal bli formidla vidare til relevanter aktørar på fengselsarenaen. Nettverket har sidan 2018 initiert og koordinert mindre nordiske arbeidsgrupper som er tematisk avgrensa, og har som har ein tidsavgrensa mandatperiode. Det er forventa at arbeidet vil føre til konkrete resultat til bruk på eit operativt nivå.

Arbeidsgruppa for IKT har fokusert på det store behovet for digitale verktøy og læremidlar for dei som deltar i utdanning i fengsel. Den raske utviklinga av teknologi gjer at alle må vere i stand til å handtere digitale verktøy for å kunne delta aktivt i samfunnet. Arbeidsgruppa har produsert podkaster, der ein mellom anna ser nærare på utfordringa mangelfull tilgang til internett for insette representerer. Podkastane er publisert på www.nvl.org. Arbeidsgruppa har vore samansett av pedagogar og teknikarar som arbeider med opplæring/IKT innan opplæring i kriminalomsorgen, der to deltakarar har vore frå Noreg.

Arbeidsgruppa for karriererettleiing har fokusert på studie- og karriererettleiing for innsette som deltek i utdanning. Deltaking i utdanning bidrar til å styrke dei innsette sine føresetnader for eit liv utan kriminalitet, og karriererettleiing er ein nøkkel som kan bidra til at innsette får kunnskap og sjølvinnsikt i samband med val knytt til opplæring og yrkesliv. Tilgang til god karriererettleiing kan bidra til å førebygge og hindre tilbakefall til kriminalitet, og vere eit verktøy for integrering i samfunnet. Arbeidsgruppa har sett nærare på korleis karriererettleiing går føre seg i dei nordiske landa for å kunne lære av kvarandre. Dei har også produsert plakatar som er publisert på www.nvl.org. Gruppa har bestått av personar som arbeider med karriere-/studierettleiing innan opplæring i kriminalomsorgen – enten som tilsett med rettleiingsfunksjon, eller som sentral representant for rettleiingsområdet. To deltakarar frå Noreg har vore med.

Arbeidsgruppe for samarbeid mellom skule og arbeidsdrift vil bli etablert i løpet av hausten 2020. Nordiskt nätverk för utbildning i fängelse ønskjer å bidra til utvikling ved at arbeidsgruppa undersøkjer korleis ein kan skape fleire moglegheiter til yrkesutdanning gjennom samarbeid mellom skule og arbeidsdrift, og ved at den reflekterer over korleis arbeidsdrifta kan bli styrka som arena for opplæring. To deltakarar frå Noreg vil delta, ein frå kriminalomsorga og ein frå skuleverket.

Nettverket Kompetenceudvikling af ansatte i voksenuddannelseer eit tverrgåande nettverk med formål om å skape synergi mellom den samla kunnskapen og erfaringen som NVL-nettverka til saman har. Nettverket arbeider med temaet kvalificering og kompetenceudvikling af ”voksenlærere” forstået som ansatte, der udvikler, gennemfører, og planlægger voksnes læring og kompetenceudvikling i forskellige læringsarenaer. Frå Noreg deltek representantar frå TAFU, Grønland voksenopplæringssenter og Bryne videregående skole i pilotprosjekt som skal utvikle, prøve ut og evaluere ein organisk og fleksibel modell for praksisnær kompetanseutvikling for personar som arbeider med læring for vaksne. Prosjekta blir avslutta våren 2021.