Velkommen til Oppikrim-dagane 2019: fagsamlinga og leiarsamlinga er no slått saman!
Fylkesmannen i Vestland og dei nasjonale fagkoordinatorane ønskjer alle som arbeider med opplæring innan kriminalomsorga hjarteleg velkomne til Oppikrim-dagane 2019!

Oppikrim-dagane i år to samlingar i eitt:
Skoleleiar- og eigarsamling
Start: Onsdag 24.april kl 11.30
Slutt: Torsdag 25.april kl 10.00

Hovudkonferanse (tidlegare «fagsamlinga Inspirasjon og deling»)
Start: Torsdag 25.april kl. 10.30
Slutt: Fredag 26.april kl 14.00

Stad: Bergen sentrum, Hotel Grand Terminus
          Hotellet ligg rett ved Bergen togstasjon og Bergen busstasjon.
 
Program og praktisk informasjon
Sjå endelig program - inkludert informasjon om middagsstadene - vedlagt oppe til høgre (publisert 12.april). Du vil óg få dette programmet i printa utgåve på konferansen.
Hovudtrekk program:
Onsdag 24.april – leiarprogram  - for leiarar, rektorar og fylkesadministrasjon
Torsdag 25.april – plenum og tverrfaglege parallellsesjonar -  for alle
Fredag 26.april –  faggrupper - sjå eige program for å vurdere deltaking

Påmelding
Frist var 21.mars, men det er enno mogleg å melde seg på konferansen. Alle som melder seg på i løpet av påskeferien eller rett før konferansestart, vil få plass, men dei må på eigehand finne overnatting (om det ikkje er ledig på konferansehotellet, er det mange andre hotell i nærleiken). Obs: grunna GDPR-reglar må alle deltakarar melde seg på individuelt.
Påmeldingslenkje:
https://axacoair.se/go?P6JxwJ6y

Avbestilling eller navnebyte - i påska eller rett før konferansen:
Avbestilling:
Frist for avbestilling er passert og du vil bli fakturert eit gebyr. Om du må avbestille grunna sjukdom eller anna, er det i utgangspunktet ikkje refusjon på overnatting. Likevel set vi stor pris på om du melder frå skriftleg så snart som mogleg, for å kunne gi rom til andre deltakarar. Sjå kontaktinfo til Fjell og Fjord under.

Navnebyte
:
 
Om du er påmeld, men ikkje kan delta, kan du gebyrfritt gje din deltakarplass og eventuell rombooking til ein annan person. Vi ber deg melde frå skriftleg til Fjell og Fjord så snart som mogleg.
Personen er garantert å få overta di booking og kan difor gå i gang med å tinge reise osb. Personen kan sjølvsagt óg melde inn til oss behov for tilpassing/ endring osb, men grunna ferieavvikling vil de begge først bli kontakta av Fjell og Fjord på tysdag 23.april.

Kontaktinfo om påmelding og hotell - spørsmål, avbestilling og navnebyte:
Kontakt Silje B. Holte frå Fjell og Fjord.
E-post: silje@fjellogfjord-konferanser.no
I påska: Ta kontakt på e-post. Silje vil svare på din e-post tysdag 23.april.
Etter påska: Skriv e-post eller ring 63 80 65 10 / 63 80 65 14 

Spørsmål om fagleg program:
Sjå kontaktinfo for Fylkesmannen i Vestland på www.oppikrim.no

__________________________

 

Vilkår og prisar:

Deltaking:
All dagdeltaking på Oppikrim-dagane er kostnadsfri, og dette inkluderer lunsj og middag. Merk likevel at det er gebyr ved avbestilling eller no show:
- Avbestilling innan 21.mars. - gebyr på kr. 500,-
- Avbestilling etter 21.mars - gebyr på inntil kr. 1500,-
Kun skriftleg avbestilling til Fjell og Fjord.
Navnebyte: Du kan slippe gebyr ved å gi din plass (og evt overnatting) til ein annan person. Sjå lenger opp.

Overnatting:
Overnatting (inkl.frukost) må betalast separat.
Enkeltrom: kr. 825,- pr. rom pr. natt.
Dobbeltrom: kr. 525,- pr person pr. natt.
Du blir plassert anten på Hotel Grand Terminus eller på nabohotellet Zander K.

NB! Bestilling av overnatting er bindande og blir fakurert før konferansen eller du betaler med kort ved påmelding. Dette betyr at ved avbestilling kan du miste heile summen.