Referat frå samling for oppfølgingsklassane og TAFU

Samling for oppfølgingsklassane og TAFU blei arrangert i Skien 07. - 08. juni 2017. Samlinga blei arrangert i samarbeid mellom Sluseprosjektet, koordinator for oppfølgingsklassane og FMHO. Referat frå samlinga finn du til høgre. 

Les mer

Karriererettleiing innan opplæring i kriminalomsorga

Kompetanse Noreg har kome med ein rapport om karriererettleiing til innsette i norske fengsel. Rapporten tek utgangspunkt i intervju med rådgjevarar innan opplæring i kriminalomsorga.

Les mer

Ny, tverretatleg strategi for å hindre tilbakefall til kriminalitet

I "Nasjonal strategi for samordnet tilbakeføring etter gjennomført straff 2017–2021", går fleire departement saman om ein felles strategi for å hindre tilbakefall til kriminalitet. 

Les mer

Ein stor takk til Suzanne Five

Suzanne Five frå Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI) går i dag av med pensjon. Five har i ei årrekke vore KDI sin nasjonale kontaktperson for Fylkesmannen i Hordaland (FMHO) og skulen. Å tale skulesektoren si sak i KDI er eit arbeid ho har utført med største alvor, eit sterkt engasjement og ei imponerande evne til å arbeide langsiktig og målretta for å finne betre løysingar.

Les mer

Vinnar av innovasjonscamp for innsette 2017

I samarbeid med kriminalomsorga og Fylkesmannen i Hordaland, inviterte Ungt entreprenørskap for andre gang til nasjonal konkurranse innanfor innovasjon, entreprenørskap, kreativitet og nyskaping. I år var det mange og gode bidrag i alle kategoriar. Det er ulike priskategoriar, men den gjevaste prisen gjekk i år til Keys to Oslo, Oslo fengsel.

Les mer

Praksisattestar frå arbeidsdrift i fengsla

Den 3. januar sende Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI) ut eit brev som omhandla praksisattestar frå arbeidsdrifta i fengsel. Dette brevet kan gi rom for misforståingar.

Les mer

EPEA-konferanse Wien 15.-19.november 2017 - frist for å melde innlegg og workshops

European Prison Education Association (EPEA) skal ha konferanse i Wien 15.-19.november 2017.

Ønskjer du og din skule å lage til dømes ein workshop for å dele eller diskutere noko med europeiske kollegaer? 23.mars er fristen for å melde innlegg eller workshops.

Les mer

"Vi er ganske gode i kvardagen"

Rapport nr 3 2017 om fengselsbetjentar si rolle og posisjon i møte med innsette og deira utdanningssituasjon i norske fengsel er no publisert.

Les mer

Samlingar for rektorar, avdelingsleiarar og fylkesadministrativt tilsette 2017

I Trondheim 4. og 5.april 2017 arrangerte Fylkesmannen i Hordaland den årlege samlinga for skuleeigarar og leiarar. Målgrupper var rektorar, avdelingsleiarar og fylkesadministrasjon. Medarrangør var Sør-Trøndelag fylkeskommune.

I forkant av samlinga - 3.april - vart det i tillegg eit eige møte for dei tilsette i fylkesadministrasjon.

Les mer

Evaluering av tilskottsordninga

Utdanningsdirektoratet har no publisert evalueringa av tilskottsordninga opplæring innanfor kriminalomsorga. Det er Deloitte som har gjennomført evalueringa.  

Les mer