Rapporten «Norske innsett: Utdanning, arbeid, ønske og planar» byggjer primært på ei datainnsamling i norske fengsel hausten 2015. Rapporten er den andre i ein serie på fleire rapportar frå denne datainnsamlinga.

Opplæring er eit viktig bidrag inn i kriminalomsorga og det kan ha avgjerande
betydning for den einskilde innsette sine sjansar i seinare utdannings- og arbeidsliv.
Dei fleste vil slutte seg til påstanden om at utdanning er blant dei, eller kanskje det
mest verksame bidraget til gode sosiale liv og til samfunnsdeltaking.

I Noreg blir det gitt opplæring i alle landets fengsel og alle fylkeskommunane har
såleis ansvar for fengselopplæring. Denne rapporten handlar om kva erfaringar
innsette har med arbeid og utdanning, både før fengslinga og under fengslinga, og
korleis det påverkar kva dei ynskjer og vel mens dei er innsette. Om lag 60 % av dei
innsette har rett på opplæring (opplæringslova). Fylkesmannen i Hordaland er viss
på at rapporten vil vere eit viktig grunnlag for arbeidet ved alle dei vidaregåande
skolane, og bidra til at det blir gitt gode opplæringstilbod til alle innsette som finn
vegen til skulebenken.

Vi skuldar forskarane frå Forskningsgruppa for kognisjon og læring (BCLG) ved
Universitetet i Bergen og Eikeland forsking og undervising stor takk for arbeidet. Vi
ønskjer óg å takke dei som administrerte undersøkinga i fengsla og alle innsette som
svarte på spørjeskjema.