Arbeidsgruppa har sett nærare på korleis karriererettleiing går føre seg i dei nordiske landa for å kunne lære av kvarandre

Fylkesmannen i Vestland har frå Utdanningsdirektoratet fått delegert det koordinerande ansvaret for å arbeide for fagleg og pedagogisk samarbeid i internasjonale nettverk. Fylkesmannen deltar i Nordiskt nätverk för utbildning i fängelse som har eksistert sidan Nordisk nætverk for voknes læring (NVL) vart etablert i 2005. Nettverket skal medverke til kunnskapsutvikling på feltet for å støtte opp under opplæring i rehabiliteringsprosessen, og har som ambisjon at den kunnskapen ein har tileigna seg skal bli formidla vidare til relevante aktørar på fengselsarenaen. Nettverket har sidan 2018 initiert og koordinert mindre nordiske tematisk avgrensa arbeidsgrupper, med ein tidsavgrensa mandatperiode.

Arbeidsgruppa for karriererettleiing har fokusert på studie- og karriererettleiing for innsette. Deltaking i utdanning bidrar til å styrke dei innsette sine føresetnader for eit liv utan kriminalitet, og karriererettleiing er ein nøkkel som kan bidra til at innsette får kunnskap og sjølvinnsikt i samband med val knytt til opplæring og yrkesliv. Arbeidsgruppa har sett nærare på korleis karriererettleiing går føre seg i dei nordiske landa for å kunne lære av kvarandre. Dei har også produsert plakatar som no er publisert på www.nvl.org. Gruppa har bestått av personar som arbeider med karriere-/studierettleiing innan opplæring i kriminalomsorga – enten som tilsett med rettleiingsfunksjon, eller som sentral representant for rettleiingsområdet. Det var med to deltakarar frå Noreg.

Finn plakatane via lenke til høgre.