I samband med statsbudsjettet for 2019 (Prop. 1 S (2018-2019)) frå Kunnskapsdepartementet blir det lagt fram nye retningsliner for tilkotsordninga. 

 

Kunnskapsdepartementet har signalisert ved ulike høve, mellom anna i dialog med Forum for fylkesopplæringssjefane (FFU) i møte 7. og 8. mars 2018, at tilskotsordninga blir innlemma i Utdanningsdirektoratet sitt system for elektronisk tilskotsforvalting frå og med 2019. I tillegg skal forvaltinga av ordninga gjerast enklare.

Omlegginga vil føre med seg at utbetalingar til opplæring i kriminalomsorga blir utbetalt gjennom Utdanningsdirektoratet sitt system ETF («elektronisk tilskuddsforvaltning») til fylkeskommunane/Oslo kommune frå og med 2019.

Detaljer omkring den nye ordninga for opplæring innanfor kriminalomsorga finn du på utdanningsdirektoratet sine sider på verdensveven (sjå lenke under).