Departementet foreslår i Prop. 1S (2019 – 2020) 292,5 mill. kroner til opplæring i kriminalomsorga.

Forslaget som blei lagt fram 7. oktober 2019 gjev omlag like mange kroner per soningsplass til opplæring som i 2019. Endringar i fengselsstrukturen fører til endringar i tilskotet til opplæring i kriminalomsorga for 2020 på følgjande måte:

– auke på 16 mill. kroner til plassar og undervisningsutstyr i nytt fengsel i Agder

– reduksjon på 4,4 mill. kroner på grunn av nedtrapping av dublering av fengselsplassar

– reduksjon på 23,2 mill. kroner på grunn av nedlegging av plassar med lågare nivå på tryggleiken

Departementet erkjenner at dagens IKT løysing DFS (desktop for skolen) ikkje fungerer på akseptabelt nivå.  Forslaget foreslår difor å bruke 7,8 mill av løyvinga til å oppgradere DFS i 2020.

Les meir her: Prop. 1 S (2019 – 2020) (side 93 og 94).