Fylkesmannen i Vestland har samarbeidd med Kriminalomsorgsdirektoratet om eit felles rundskriv til sektor. Der ønsker vi å påpeike kva som kan gjerast lokalt når Vg1 og Vg2 yrkesfag opnar 27. april. Rundskrivet tek opp smittevern, og nemner alternative former for kontakt mellom lærar og elev når skoleavdelingane i fengsel er stengde.

For opplæring innanfor kriminalomsorga møter sektor særskilde utfordringar ved Covid-19-tiltaka. Det var ingen eller svært få digitale verktøy tilgjengeleg for å støtte opp om alternative opplæringsformer eller digital kommunikasjon med elevar.

Etter 13. mars 2020 har det vore utstrekt dialog mellom skoleansvarlege og kriminalomsorga. Nokre av resultata kan lesast i rundskrivet (dagsett 24. april 2020) frå Kriminalomsorgsdirektorat (sjå lenke til høgre).

23. april starta ein IKT-pilot med testing av bruk av Ipad med Teams for Education i skolen. Nettbretta kan vise seg å vere ein god måte for lærar og elev å halde oppe kontakten i desse unntakstider. Det er ungdomseininga i aust og vest som får prøve systemet. Etter ei evaluering, vil Kriminalomsorgsdirektoratet avgjere om systemet kan vidareførast eller ikkje. Viss kriminalomsorga finn å kunne vidareføre, vil det bli vurdert om konseptet kan bli tilgjengeleg for fleire skuleavdelingar. Oppdatering kjem om nokre veker.