Tilbakemeldingane frå ansvarlege skolemynde viser at nær alle skoleavdelingane i norske fengsel har stansa ordinære former for opplæring. Dei alternative opplæringsopplegga viser stor grad av kreativitet. Fylkesmannen i Vestland og Vestland fylkeskommune har sendt brev til Kriminalomsorgsdirektoratet med oppmoding om tilpassingar i DFS slik at sektor kan ta i bruk fleire digitale verktøy.

All ordinær grunnopplæring stoppa i Noreg den 13. mars 2020 grunna tiltak for å stoppe rask spreiing av covid-19-viruset. Utdanningsdirektoratet beskriv vårt ansvar slik:

«Det er skoleeiers ansvar å sørge for at elevene får opplæring. Skolene må derfor strekke seg så langt som mulig og legge til rette for at elever utfører skolearbeid hjemme.Vi har forståelse for at dette er en krevende situasjon for skolene, og vi jobber med å utvikle støtte til skolene i dette arbeidet. Skolen må sørge for god kommunikasjon med elever (…)». (www.udir.no)

For opplæring innanfor kriminalomsorga møter sektor særskilde utfordringar. Det er ingen eller svært få digitale verktøy tilgjengeleg for å støtte opp om alternative opplæringsformer eller digital kommunikasjon med elevar.

Kartlegginga som Fylkesmannen i Vestland har gjennomført viser at nær all ordinær opplæring har stoppa opp i vår sektor. Vi ser at prakisen varierer noko frå eining til eining, også innanfor same fylke. Skoleeigarar har utifrå eigne risikovurderingar sette grensar for tilgang til skuleavdelingane for eigne tilsette. Kriminalomsorgsdirektoratet har gitt rettleiing og instruksar til fengselseiningane. I tillegg har dei ulike fengsla eigne risikovurderingar.

Nokre skoleavdelingar har ein ressurs til stades som i avgrensa tidsrom kan ha kontakt med elevar og deltakarar. Dei fungerer som kurer for faglege oppgåver og elevarbeid mellom faglærar og elev/deltakar. Ved andre avdelingar får ikkje tilsette frå skolen åtgang i fengsel. Der må utvekslinga av opplegg og innleveringar mellom elev og lærar gå via tilsette i kriminalomsorga. Nokre avdelingar har ingen aktivitet. 

Vi har fått eit innblikk i kor stor kreativitet tilsette tek i bruk for å nå måla for opplæring til innsette. Fagkoordinatorar har samla råd og tips for korleis opplæringa kan gå føre seg i slike unntakstilstandar. Desse råda og tipsa blir delt på lukka faggrupper på Facebook eller Itslearning.

Fylkesmannen i Vestland vil uttrykke stor takksemd overfor alle skuletilsette som gjer sitt ytste for halde elevar og deltakarar i fagleg aktivitet under svært krevjande rammevilkår.

Mangel på digitale verktøy for fjernundervisning og for dialog med elevane gjer det vanskeleg å gje våre elevar ei fagleg og sosialpedagogisk oppfølging på same nivå som ordinære elevar får. Med utgangspunkt i situasjonen i sektor har Fylkesmannen i Vestland og Vestland fylkeskommune sendt brev til Kriminalomsorgsdirektoratet om behovet for endringar i slike unntakstilstandar (vedlegg). Vi ber dei om å finne løysingar for at innsette skal kunne arbeide med digitale verktøy og læringsressursar på DFS-stasjonar med tilsyn frå kriminalomsorga. I tillegg foreslår vi ei rekke med tilpassingar i DFS for å auke bruken av digitale verktøy til opplæring og til synkron og asynkron kommunikasjon mellom elevar/deltakarar og faglærar.