Instruksjon og rettleiing omkring rapporteringssystemet for skolane innan opplæring i kriminalomsorga finn du her. 

Nokre viktige påminningar til ansvarlege rapportørar:

• Vi vil ha ei rapportering, skjema 1 (fengselavdelingar) (tre gonger i året og sluttrapport innan 31. desember 2020) frå alle einingar/avdelingar som har opplæring.
• Vi vil ha ei rapportering, skjema 2 (oppfølgingsklassar) (fire gonger i året og sluttrapport innan 31. desember 2020) frå alle oppfølgingsklassane.
• Vi vil ha ei rapportering, skjema 3 (avdelingsleiarar) (innan 20. desember 2020) frå den administrative ansvarlege for opplæringa innanfor kriminalomsorga frå kvar vidaregåande skole.
• Kvar ansvarlege rapportør får tilsendt eit brukarnavn saman med ei elektronisk lenke til rapporteringskjema.

Påminning til administrativt ansvarlege (skjema 3) blir sendt i uke 50, 2020.

Du kan også bruke desse lenkene:

Skjema 1, Skoleavdelingar: 

https://survey.euro.confirmit.com/wix/p1880741670.aspx

Skjema 2, Oppfølgingsklassar:

https://survey.euro.confirmit.com/wix/9/p1880742019.aspx

Skjema 3, Adminstrative ansvarlege: 

https://survey.euro.confirmit.com/wix/p1880741558.aspx

For 2020 blir det tre teljedatoar; veke 22 (25.05.20), veke 42 (13.10.20) og veke 49 (03.12.20). Dersom det av ulike grunnar ikkje er mogeleg å rapportere på ein eller fleire av dei oppgitte teljedatoane, må ein nytta nærmaste dato med "normal" opplæringsaktivitet. 

Rammane for oppplæringa innanfor kriminalomsorga blei som all anna opplæring endra den 12. mars 2020. Opprinneleg skulle det vore teljing i veke 12 (20.03.20). Skolane var på den tida i stor grad stengde. Difor blir det i år kun 3 ordinære teljedatoar. 

Ver klare på at det ikkje er endringar i rapporteringssystemet for 2020 (berre språklege presiseringar). 

Skolane bør merka seg teljedatoane, slik at det blir gode rutinar for innhenting og samling av opplysningar. Før kvar frist vil alle rapportørar får tilsendt ei påminning. Det blir også sendt purring til alle (sjølv om rapport er levert). Kvar rapportør må gjere seg heilt ferdig innan 31. desember 2020.

Alle skjema blir stengd 10. januar 2021 for vidare innrapportering. Listar over rapportørar og einingar finn du i menyen til høgre. Døme på dei ulike rapporteringskjema (i pdf) finn du også i menyen til høgre.