Kvart år utarbeider Fylkesmannen i Hordaland ein samla nasjonal tilstandsrapport som gjeld opplæringa innanfor kriminalomsorga. Rapportane er basert på rapportering og oppsummeringar frå skolane som har ansvar for opplæringa. Desse er viktige ledd i den systematiske resultatoppfølginga av fagområdet.

Det er etablert opplæring i alle fengsla regjeringa har sagt det skal vere opplæring i. Det er oppfølgingsklasser ti stader i landet. I tillegg er det opplæringsansvarlege saman med andre parter i dei etablerte ND sentra (sentre for narkotikaprogram med domstolskontroll)to stader i landet og ved TAFU i Rogaland (tilbakeføring gjennom arbeid, fritid og utdanning).

Foto: Fmho / Fmho

I overkant av 10500 personar tok del i ei eller anna form for opplæring i 2017. Dette er noe lågare tal enn i 2016. Vi ser også at det er noke fleire enn tidlegare, som tek opplæring på deltid. Dei fleste tek opplæring i fengsel. Oppfølgingsklassane som er etablerte for å lette overgangen etter lauslating tek imot om lag 5 % av alle dei som tek opplæring i fengsel. 

Foto: Fmho / Fmho


Dei fleste opplæringstilboda er utforma ut i frå kompetansemål i læreplanar frå grunnopplæringa. Nokre får kortare kurstilbod er utforma slik at dei skal stimulere innsette til å ta ordinære opplæringsløp. 

I spalta til høgre finn du lenker til sider og filar som visar fleire tal og analysar for heile sektoren over fleire år.