Fylkesmannen i Hordaland har oppnemnd fagkoordinatorar på sentrale fagfelt i opplæring innanfor kriminalomsorga. Arbeidet til fagkoordinatorane er knytt til nettverksbygging på deira fagområde.

Kven er fagkoordinatorane og kva gjer dei?

Fagkoordinatorane organiserer ei årleg samling for alle skuletilsette innan opplæring i kriminalomsorga i Noreg ("Oppikrimdagane"), og ved høve organiserer dei og  samlingar og diskusjonar for lærarar i sine faggrupper.

Lærarane i fagnettverket har tilgang til ein læringsplattform som kan nyttast til informasjon, deling og diskusjonar. Dei lyfter så fram aktuelle problemstillingar og utfordringar frå fagnettverket til Fylkesmannen i Vestland, og er på den måten bindeledd mellom Fylkesmannen i Vestland og lærarane innanfor dei ulike faga.


Send ein e-post til fagkoordinator(ane) for dine fag for å bli medlem og få tilgang til kommunikasjonskanalane for faggruppa. Kontaktinformasjon til fagkoordinator i dei
ulike faggruppene finn her:

Fagkoordinator for norsk:
Kirsti Kvalø, kirkva@vgs.nfk.no

 

Fagkoordinator for språkfag (framandspråk):
Rosemary Thompson, rosemart@ostfoldfk.no

Fagkoordinatorar for yrkesfag:
Edvin Berg, edvin.berg@skole.rogfk.no
Yngve Mathisen, yngmat@ostfoldfk.no Ny påtroppaande: Tone Mørk-Hassel,  Tone.Laurendz.Hassel@jessheim.vgs.no

Fagkoordinator for rådgjevnad:
Gry Helgerud, gry.helgerud@bfk.no

Fagkoordinator for realfag:
Terje Bjerga terjebj@vfk.no Ny påtroppande: Izabella Jensen, izabella.jensen@vtfk.no

Fagkoordinator for oppfølgingsklassene:
Anne Moen, anne.moen@ude.oslo.kommune.no