Oppfølgingsklassar 

Som ein del av tilbodet innanfor opplæring i kriminalomsorga, er det opprette ti oppfølgingsklassar i Noreg. Målgruppa er gjennom retningslinjene for Tilskudd til opplæring i kriminalomsorgen definert som «løslatte med møteplikt hos Kriminalomsorg i frihet (friomsorgen) og løslatte som ikke er under tilsyn, dersom det gjelder fortløpende fullføring av opplæringsenhet som er påbegynt under soning». Oppfølgingsklassane blei først etablert for å lette overgangen frå utdanning i fengsel til deltaking i ordinær utdanning. Oppfølgingsklassane tek årleg imot omkring 600 personar.