TAFU 

TAFU (Tilbakeføring gjennom arbeid fritid og utdanning) er forankra i Stortingsmelding nr.27 (2004-2005) Enda en vår og i Stortingsmelding nr.37 (2007-2008) Straff som virker. Utforminga av prosjektet er inspirert av det svenske KrAmi som blei starta i 1980.  

I TAFU arbeidar ein med å føre tilbake tidligare straffedømde – i hovudsak menn – i alderen 18 – 40 år til samfunnet. Dette gjennom å yte hjelp til deltakarane med å få arbeidspraksis, og/eller utdanning – med mål om vareg arbeid på sikt. TAFU er organisert rundt to bærande idear; samtidig forvaltningssamarbeid og felles pedagogisk plattform. Fylkesmannen i Hordaland var prosjekleiar for TAFU ut år 2014.

Bakgrunnen for at det har blitt gjennomført ei utprøving av TAFU-modellen i Noreg, er eit resultat av ein lang politisk og fagleg prosess der mange aktørar på ulike forvaltningsnivå har hatt ei felles forståing av at menneske som har sona dommar skal få den hjelpa dei har behov for ved retur til samfunnet. TAFU er ein samvirkemodell som møter slike utfordringar gjennom å tilby hjelp til tidligare straffedømde, der representantar for NAV, kriminalomsorgen, kommunen og fylkeskommunen jobbar saman og samtidig i felles lokale. Målet er å hindre tilbakefall til kriminalitet gjennom at deltakarane skal finne arbeid eller praksisplass, eller begynne på, eller fullføre utdanning – med mål om vareg arbeid på sikt.