Kven har ansvar for kva når det gjeld opplæring i kriminalomsorga i Noreg?

Nasjonalt ansvar for koordinering , tilskotsordning og utviklingsarbeid
Fylkesmannen i Vestland (FMVL) har det nasjonale koordineringsansvaret for ordninga med opplæring i kriminalomsorga. Utdanningsdirektoratet administrerer den øyremerkte tilskotsordninga, men FMVL bidreg til kvalitetssikring av denne.

Fylkesmannen i Vestland er Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI) sin hovudsamarbeidspartnar i opplæringssektoren. Vi har óg eit ansvar for å vidareutvikle ordninga og for å stimulere til samarbeid innan opplæringssektoren. Betre samhandling om innsette og lauslatte er eit politisk mål. Vi er difor aktive i arbeidet med å utvikle etatssamarbeidet med aktørar som NAV, helse, bibliotek og frivillig sektor m.fl.

Pedagogisk og skoleadministrativt ansvar
Fylkeskommunane har det pedagogiske og skoleadministrative ansvaret for ordninga. Dei må sjå til at alle innsette har høve til lovfesta opplæring. Det er eitt eller fleire fengsel i alle fylke.

Praktisk og fagleg gjennomføring
Lokale, vidaregåande skolar gjennomfører og administrerer opplæringa av dei innsette i fengsla. Fleire av skolane har óg ansvar for i oppfølgingsklassar for lauslatte etter soning. Det er skoleavdelingar ved alle norske fengsel.