Universitetet i Bergen vil hausten 2021 gjennomføre kurset Kriminalomsorgen som læringsarena - innføringskurs. Søknadsfrist 1.juni. 

 

Kurset er på bachelornivå og rettar seg mot dei som arbeider innanfor kriminalomsorga, med opplæring og utdanning, i barnevernet eller liknande. Det vil vera fire samlingar hausten 2021, to fysiske og to digitale samlingar. 

Søkjarar over 25 år vil få opptak på grunnlag av realkompetanse. Det vil seia at summen av tidlegare utdanning og yrkeserfaring er tilstrekkeleg. Søkjaren treng ikkje dokumentere noko av dette.

For meir informasjon sjå på UIB sine heimesider her.