TAFU Rogaland 

TAFU (Tilbakeføring gjennom arbeid fritid og utdanning) er forankra i Stortingsmelding nr.27 (2004-2005) Enda en vår og i Stortingsmelding nr.37 (2007-2008) Straff som virker. Utforminga av TAFU er inspirert av det svenske KrAmi som blei starta i 1980.  

I TAFU Rogaland arbeidar ein med å føre tilbake tidligare straffedømde menn i alderen 18 – 40 år til samfunnet. Dette gjennom å yte hjelp til deltakarane med å få arbeidspraksis, og/eller utdanning – med mål om vareg arbeid på sikt. TAFU er organisert rundt to bærande idear; samtidig forvaltningssamarbeid og felles pedagogisk plattform. Fylkesmannen i Vestland var tidlegare prosjekleiar for TAFU.

TAFU er ein samvirkemodell som gjer tilbud om hjelp til tidligare straffedømde, der representantar for NAV, kriminalomsorgen, kommunen og fylkeskommunen jobbar saman og samtidig i felles lokale. Målet er å hindre tilbakefall til kriminalitet gjennom at deltakarane skal finne arbeid eller praksisplass, eller begynne på, eller fullføre utdanning – med mål om vareg arbeid på sikt. 

Sjå www.rogaland.tafu.no for meir informasjon