Samling med tema: Unge innsatte, 15 – 24 år

Fagkoordinatorane for temaet unge innsette og Statsforvaltaren i Vestland inviterer til samling på Clarion Hotel Stavanger torsdag 21. oktober – fredag 22. oktober.

Målgruppa for samlinga er de som arbeider med opplæring i kriminalomsorgen med innsette i aldersgruppa 15 – 24 år. Samlinga vil bli leia av fagkoordinatorane for temaet unge innsette, Geir Hundvebakke og Magnus Rokne. Programmet vil bestå av innlegg frå eksterne aktørar som arbeider med målgruppa unge, og ei interaktiv drøfting leia av fagkoordinatorane.

Temaet unge innsette har relativt nyleg blitt ein del av fagnettverket for opplæring i kriminalomsorga, og utvikling av struktur for dette temaet vil også vere ein del av programmet. Det blir lagt opp til sosialt program på kvelden i form av felles middag.

Ungdomseiningane og eit par andre einingar som arbeider spesielt med den yngste målgruppa, har fått forfordelt nokre plassar til samlinga. Det blir no lagt ut 20 plassar etter førstemann til mølla-prinsippet. Samlinga er kostnadsfri for deltakarane, men de må sjølve dekke reise.

Førebels program og påmeldingsskjema finn du til høgre på denne sida. Deler av programmet torsdag 21. oktober er fellesopplegg for samling for oppfølgingsklassar, TAFU, ND og de som arbeider med dei yngste innsette.

Publisert 18.08.2021
Dato:
21. oktober 2021 10:30 - 22. oktober 2021 12:30
Stad:
Clairon Hotel, Stavanger
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland og fagkoordinatorane for temaet unge innsette
Målgruppe:
Målgruppa for samlinga er de som arbeider med opplæring i kriminalomsorgen med innsette i aldersgruppa 15 – 24 år.
Påmeldingsfrist:
1. oktober 2021 23:00