Nordisk nettverk

Fagleg og pedagogisk samarbeid i Norden.

Nordisk nætverk for voknes læring (NVL) 

Programmet blir administrert av VIA University College og finansiert av Nordisk ministerråd. NVL har som mål å fremje livslang læring på tvers av sektorar og på tvers av dei nordiske grensene, blant anna ved å bidra til utvikling av politikk og praksis gjennom arbeid i nettverk. Statsforvaltaren i Vestland deltar i Nordiskt nätverk för utbildning i fängelse. 

 

Nordiskt nätverk för utbildning i fängelse

Nettverket har eksistert sidan NVL vart etablert i 2005. Nettverket skal medverke til kunnskapsutvikling på feltet for å støtte opp under opplæring i rehabiliteringsprosessen, og har som abmisjon at den kunnskapen ein har tileigna seg skal bli formidla vidare til relevanter aktørar på fengselsarenaen. Nettverket har sidan 2018 initiert og koordinert mindre nordiske arbeidsgrupper som er tematisk avgrensa, og har som har ein tidsavgrensa mandatperiode. Det er forventa at arbeidet vil føre til konkrete resultat til bruk på eit operativt nivå.

 

Nordisk arbeidsgruppe for opplæring av unge i fengsel 

Arbeidsgruppa skal undersøkje korleis ein kan bidra til at flest mogeleg unge insette under 25 år kan både starte og fullføre ein utdanning. To deltakarar frå Noreg deltar, begge er fagkoordinatorar for temaet unge innsette. Arbeidet blir avslutta i løpet av 2024.  

 

Nordisk arbeidsgruppe for arbeid med opplæring for kvinner i fengsel 

Arbeidsgruppa skal undersøkja kva type utdanning kvinner ønskjer og treng. I tillegg, vil den prøva å finna ut kva som hindrar kvinner i å delta i utdanning og kva som motiverer kvinner til å delta. To deltakarar frå Noreg deltek. Begge jobbar i fylkeskommunar som har skuleavdelingar i fengsel der kvinner sonar. Arbeidsgruppa hadde konstitueringsmøte i mars 2024, og skal arbeida eit par år framover.