Etterlengta og nyttig fagsamling med hovudfokus på verksemda til TAFU

Oppfølgingsklassane, TAFU (Tilbakeføring gjennom arbeid, fritid og utdanning) og pedagogane i ND (Narkotikaprogram med domstolskontroll) gjennomførte den årlege samlinga i Stavanger 20. og 21. oktober. 

Deltakarane utanfor TAFU
Deltakarane utanfor TAFU. Foto: Terje Røstvær

Anne Moen, fagkoordinator for tilbakeføring, hadde god hjelp frå dei tilsette ved TAFU, som var aktiv under planlegginga og gjennomføringa av samlinga.

Etter ein kort introduksjon frå fagkoordinator, presenterte Linn Mathiesen frå Utsikten kunstprosjektet ARR, etterfulgt av Kjetil Stavø Høvig frå Statsforvaltaren i Vestland sin presentasjon Privatist eller elev – er det eigentleg nokon forskjell.

Hovudfokuset på samlinga var verksemda til TAFU, og då særleg på korleis dei arbeider med opplæring i bedrift. Dette er eit område der TAFU kan vise til god måloppnåing. I tillegg til at tilsette frå TAFU informerte, delte også ei samarbeidande bedrift og ein tidlegare deltakar sine erfaringar. Sistnemnde innlegg har fått svært god tilbakemelding frå deltakarane på samlinga.

Terje Røstvær

Som ei avslutning på det faglege programet på første dag, besøkte vi lokala til TAFU på Forus. Vi fekk her ei omvisning og dei gjorde reie for NAV og Kriminalomsorgen sine roller i TAFU.

Andre dag av samlinga vart arrangert i samarbeid med fagkoordinatorane for temaet unge innsette, 15 – 24 år, Geir Hundvebakke og Magnus Rokne. På programmet stod innlegg frå UngInvest, Skole- & JobbResept og Moses Deyegbe Kuvoame. Sistnemnde har forska på marginalisert etnisk minoritetsungdom i rusmiljø.

Statsforvaltaren i Vestland takker fagkoordinatorane, TAFU, innlegghaldarar, deltakarar og andre bidragsytarar for ei vel gjennomført samling.

Publisert 26.10.2021