Fagkoordinatorane sitt arbeid bør støttast opp

Statsforvaltaren i Vestland ber om at sektoren støtter opp under fagkoordinatorane sitt arbeid ved å delta i faggrupper, på aktuelle samlingar, og ved å forankre dette arbeidet i leiinga ved skolane der det er aktuelt. Dette som eit bidrag i arbeidet mot målet om best mogleg kvalitet og kunnskapsbasert praksis i opplæring i Kriminalomsorga i Noreg.

Fagnettverket er viktig for erfaringsutveksling og kunnskapsdeling i ein liten sektor

Statsforvaltaren i Vestland utnemner fagkoordinatorar til nasjonale oppgåver og nokre prioriterte tema. I 2023 er det 15 personar som utgjer fagnettverket for opplæring i kriminalomsorga – eit nettverk vi ser på som ein viktig bidragsytar i arbeidet med å sørgje for at opplæringa som blir gitt innanfor rammene av kriminalomsorga er kunnskapsbasert med bakgrunn i forsking og erfaringsbasert kunnskap. Fagnettverket har ei viktig rolle, særleg når det gjeld identifisering av behov og deling av kunnskap.

Opplæring i kriminalomsorga er ein relativt liten sektor, og det er ikkje uvanleg at opplæringsarenaene har dårlegare rammevilkår, til dømes når det gjeld undervisningslokale. Relevant forsking og erfaringsdeling er avgjerande når ei relativt lita gruppe lærarar innanfor kvart fagområde skal gi opplæring med same kvalitet som på ordinære opplæringsarenaer, men med andre rammevilkår. Det er vår oppfatning at relevant forsking som er utført for sektoren og erfaringsbasert kunnskap, må vere styrande for praksisen. Fagnettverket spelar difor ei rolle når det gjeld å legge til rette for erfaringsutveksling og kompetanseheving i dei enkelt faggruppene, på fagsamlingar og andre faglege treffpunkt.

Statsforvaltaren støtter opp under arbeidet til nettverket

Fagkoordinatorrolla blir understøtta av Statsforvaltaren i Vestland ved at to personar administrerer fagnettverket som har fleire årlege møter. Det er også henta inn ekstern kompetanse for å rettleie i metoden Lærande nettverk som fagkoordinatorane no har teke i bruk. Me oppmodar alle som har meldt seg på Oppikrimdagane i Kristiansand – både leiarar og deltakarar i faggruppene – til å delta på innlegget til Torbjørn Lund (Universitetet i Tromsø) kvar han skal snakka om korleis ein skapar, leiar og utviklar lærande nettverk. For dei det er aktuelt for, oppmodar me også til å delta i faggruppene, både under Oppikrimdagane og i tida etter. Vi kjenner oss trygg på at aktiviteten til fagkoordinatorane knytt til dei ulike faggruppene er gode bidrag i arbeidet mot målet om best mogleg kvalitet og kunnskapsbasert praksis i opplæring i Kriminalomsorga i Noreg.

Publisert 20.03.2023