Her finn du instruksjon og rettleiing omkring rapporteringssystemet for skolane innan opplæring i kriminalomsorga.

For 2021 blir det fire teljedatoar fordelt på desse vekene; 12 (25.03.21), 22 (02.06.21), 42 (18.10.21) og 49 (08.12.21). Dersom det av ulike grunnar ikkje er mogeleg å rapportere på ein eller fleire av dei oppgitte teljedatoane, må ein nytta nærmaste dato med "normal" opplæringsaktivitet.

Skolane bør merka seg teljedatoane, slik at det blir gode rutinar for innhenting og samling av opplysningar. Før kvar frist vil alle rapportørar får tilsendt ei påminning. Det vil også bli sendt purring til alle (sjølv om rapport er levert). Kvar rapportør må gjere seg heilt ferdig innan 7. januar 2022.

Nokre viktige påminningar til ansvarlege rapportørar:

• Vi vil ha ei rapportering, skjema 1 (fengselsavdelingar) (fire gonger i året og sluttrapport innan 7. januar 2022) frå alle einingar/avdelingar som har opplæring.

• Vi vil ha ei rapportering, skjema 2 (oppfølgingsklassar) (fire gonger i året og sluttrapport innan 7. januar 2022) frå alle oppfølgingsklassane.

• Vi vil ha ei rapportering, skjema 3 (avdelingsleiarar) (innan 20. desember 2021) frå den administrative ansvarlege for opplæringa innanfor kriminalomsorga frå kvar vidaregåande skole.

• Kvar ansvarlege rapportør får tilsendt eit brukarnamn/id saman med ei elektronisk lenke til rapporteringsskjema.

Du kan også bruke desse lenkene:

Skjema 1, Skoleavdelingar:

https://survey.confirmit.de/wix/p399141556796.aspx

Skjema 2, Oppfølgingsklassar:

https://survey.confirmit.de/wix/p760954243322.aspx 

Skjema 3, Adminstrative ansvarlege:

https://survey.confirmit.de/wix/p105930654811.aspx