Etter internasjonale konvensjonar skal ingen nektast rett til utdanning. Retten til opplæring og utdanning er den same for innsette i fengsel som for andre borgarar i Noreg. Fylkeskommunane er fagleg og administrativt ansvarlege for utdanninga i fengsla. Det er lokale vidaregåande skular som har det praktiske ansvaret for opplæringa. Statsforvaltaren i Vestland er delegert (frå Udir) eit fagleg koordinerande ansvar for opplæringa innan kriminalomsorga i Noreg.
Hendingar
Leiarsamling for fylkesbyråkratar, rektorar og avdelingsleiarar innan opplæring i kriminalomsorga
14. februar - 15. februar
Gardermoen (Comfort Hotel Runway)
Statsforvaltaren i Vestland og Akerhus fylkeskommune
Vis alle
Nyhende
18.09.2023
Tilstandsrapport 2022 for opplæring innan kriminalomsorga
I denne tilstandsrapporten vil Statsforvaltaren i Vestland (SFVL) peike på nokre trekk ved utviklinga innan opplæring i kriminalomsorga i 2022, og løfte fram nokre tema som krev merksemd i tida framover.
07.09.2023
Kommunikasjon med straffedømde om soningsforhold og tilbod, må individuelt tilpassast
Dette er ein av konklusjonane i Rapport nr 1/23: «Kommunikasjonsferdigheter blant norske innsatte» som no er publisert.