Tal og forsking
Statsforvaltaren i Vestland har gjennom fleire år hatt samarbeid med forskingsinstitusjonar, mellom anna gjennom ei eiga FoU-avtale med Universitetet i Bergen.
Samarbeidet er for å byggje opp eit kunnskapsbasert grunnlag for skuleverket, og for best mogeleg å kunne tilby tilpassa opplæringsløp til alle innsette. Den siste kartlegginga av innsette vart gjennomført våren 2026.
Statsforvaltaren i Vestland er ein del av Nordisk nettverk for fengselsundervisning, eit ekspertnettverk under Nordisk ministerråd. Også i nordisk samanheng ser ein at det er viktig med forskingsbasert kunnskap om opplæring i kriminalomsorga. Nettverket vart formelt stifta i 2005, etter fleire år med uformelt samarbeid mellom landa.
Kvart år oppsummerer Statsforvaltaren i Vestland rapporteringsdata frå skulane i tilstrandsrapportar for opplæring i kriminalomsorga.