Ansvar og organisasjon

Etter internasjonale konvensjonar skal ingen nektast rett til utdanning. Retten til opplæring er den same for innsette i fengsel som for andre borgarar i Noreg. Korleis er dette organisert i praksis?

Nasjonalt ansvar for koordinering, tilskotsordning og utviklingsarbeid

Utdanningsdirektoratet har delegert nasjonale faglege koordineringsoppgåver innan opplæring i kriminalomsorga til Statsforvaltaren i Vestland (SFVL). Utdanningsdirektoratet forvaltar den øyremerkte statlege tilskotsordninga, medan SFVL bidreg til kvalitetssikringa av ordninga.

Statsforvaltaren i Vestland er den viktigaste samarbeidspartnaren til Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI) i spørsmål som gjeld opplæring for innsette. Betre samhandling om innsette og lauslatne er eit politisk mål. Vi har ansvar for å vidareutvikle ordninga og stimulere til samarbeid innan opplæringssektoren. Difor er vi aktive i arbeidet med å vidareutvikle etatssamarbeidet med aktørar som NAV, helse- og omsorgstenestene, biblioteka og frivillig sektor.

Pedagogisk og skuleadministrativt ansvar

Fylkeskommunane har det pedagogiske og skoleadministrative ansvaret for ordninga. Dei må sjå til at alle innsette har høve til lovfesta opplæring. Det er eitt eller fleire fengsel i alle fylke.

Praktisk og fagleg gjennomføring

Lokale, vidaregåande skolar gjennomfører og administrerer opplæringa av dei innsette i fengsla. Fleire av skolane har òg ansvar for oppfølgingsbasar for lauslatne etter soning. Det er skoleavdelingar ved alle norske fengsel.