Målet for tilskottsordninga er å medverke med finansiering til fylkeskommunane slik at dei gir opplæring til innsette og nyleg lauslatne som har rett på og ynskjer  grunnskole- eller vidaregåande opplæring. 

For å motivere flest mogleg til å ta opplæring, også dei som har kort soningstid eller sit i varetekt, er det eit mål at det òg blir gitt kortare kurs. Kursa skal ta utgangspunkt i kompetansemål frå Læreplanverket for Kunnskapsløftet og opplæring i grunnleggjande dugleikar. Det er vidare eit mål å leggje til rette for god opplæring i dei einingane for soning for barn og unge.

Det er ei målsetjing for dei kommande åra at samarbeidet mellom skolen og arbeidsdrifta blir utvikla i samsvar med kriminalomsorga sin strategi for arbeidsdrifta. Dette vil mellom anna styrkje talet på innsette med dokumentert yrkesretta kompetanse. Det overordna målet er å gi fleire innsette høve til å tilby etterspurd kompetanse til arbeidsmarknaden når dei slepp ut av fengsel. 

Det er fylkeskommunen som er fagleg og administrativt ansvarleg for opplæring i fengsel og dette er ein del av fylkeskommunen sitt generelle ansvar, jf Opplæringslova § 13-2 a.

Utdanningsdirektoratet utbetalar 80 % av godkjend  ramme (utrekna utifrå talet på soningsplassar i fylket) i budsjettåret (7/12 delar vår og 5/12 haust).  Utbetaling av resterande 20% av ramma blir gjort året etter.