Statsforvaltaren i Vestland har oppnemnd fagkoordinatorar på sentrale fagfelt og fagområde i opplæring innanfor kriminalomsorga. Arbeidet til fagkoordinatorane er knytt til nettverksbygging på deira fagområde.

Kven er fagkoordinatorane og kva gjer dei?
Fagkoordinatorane skal leggje til rette for kunnskap og erfaringsutveksling knytt til opplæring innan fagområda med utgangspunkt i ordinært skuleverk, opp mot dei forholda som er særskilte for opplæring innanfor kriminalomsorga. I dette ligg det å koordinere og leggje til rette for faglege diskusjonar og meiningsutveksling i faggruppa, og utnytte naturlege treffpunkt  -og ved behov etablere nye treffpunkt-  for møte i nettverka sine. Statsforvaltaren forventar at fagkoordinatorane skaffar seg kjennskap og innsikt i erfaring og praksis i opplæringa nasjonalt innanfor opplæring i kriminalomsorga.

Fagkoordinatorane organiserer ei årleg samling for alle skuletilsette innan opplæring i kriminalomsorga i Noreg ("Oppikrimdagane"), og ved høve organiserer dei og  samlingar og diskusjonar for lærarar i sine faggrupper.

Lærarane i fagnettverket har tilgang til ulike plattformer som kan nyttast til informasjon, deling og diskusjonar. Dei lyfter så fram aktuelle problemstillingar og utfordringar frå fagnettverket til Statsforvaltaren i Vestland, og er på den måten bindeledd mellom Statsforvaltaren i Vestland og lærarane innanfor dei ulike faga.

Send ein e-post til fagkoordinator(ane) for dine fag for å bli medlem og få tilgang til kommunikasjonskanalane for faggruppa. Kontaktinformasjon til fagkoordinator i dei
ulike faggruppene finn her:

Fagkoordinator for norsk:
Kirsti Kvalø, kirkva@vgs.nfk.no 

Fagkoordinator for språkfag (framandspråk):
Rosemary Thompson, rosemaryt@viken.no

Fagkoordinatorar for yrkesfag:
Edvin Berg, edvin.berg@skole.rogfk.no
Tone Mørk-Hassel,  tonehas@viken.no

Fagkoordinator for rådgjevnad:
Gry Helgerud, gryhel@viken.no

Fagkoordinator for realfag:
Izabella Jensen, izabella.jensen@vtfk.no

Fagkoordinator for samfunnsfag:
Mandeep Kaur Sohi, mandee0807@osloskolen.no

Fagkoordinator for praktiske fag:
under oppnemning

Fagkoordinator for estetiske fag:
under oppnemning

Fagkoordinator for unge innsette 15 - 24 år:
Magnus Andre Rokne, magnus.andre.rokne@vlfk.no og  Geir Arne Hundvebakke, geir.arne.hundvebakke@vlfk.no

Fagkoordinator for oppfølgingsklassene:
Anne Moen, anne.moen@ude.oslo.kommune.no