Utveksling gjennom Erasmus+

Statsforvaltaren i Vestland kan bidra økonomisk til utvekslingsopphald for tilsette som arbeider i fengsel som ønskjer å reise på utveksling.

Kvifor meiner vi at det er viktig for de som driv med opplæring innan kriminalomsorga bør reise ut?

Vår sektor er den einaste i landet som driv med opplæring av denne gruppa. Det vil difor vere mykje å hente på å lære av aktørar elles i Europa som også gir opplæring til innsette. Dette kan vere å dele og få konkrete døme på korleis ein kan utvikle gode, kortfatta, relevante undervisningsopplegg og det kan vere nettverksbygging med lærarar, administratorar og andre yrkesgrupper i fengsel i andre land.

Mange domfelte i norske fengsel har bakgrunn frå andre land i Europa. Manglande kjennskap til utdanningssystemet i dei landa deltakarane kjem frå, kan gjere det vanskeleg både å motivere for opplæring, og å tilpasse opplæringa for lærarane. Vi tenkjer difor at det er viktig at fleire yrkesgrupper i fengsel får auka kompetansen sin på andre land sine utdanningssystem.

Det er nokre rammer eit utvekslingsopphald må passe inn i

Godkjenninga vår har fire overordna mål:​

  • Utvikle gode, relevante, kompetansegivande undervisningsopplegg for deltakarar som har avgrensa tid til opplæring.​
  • Auke kompetansen til tilsette i fengsel om utdanningssystemet i andre europeiske land.​
  • Få ny kunnskap om og kompetanse i å drive lesetrening for deltakarar med svake leseferdigheiter og lærevansker.​
  • Styrke samarbeidet mellom dei ulike yrkesgruppene som er representert i fengsel med mål om å få innsette til å ta utdanning.

Dersom du ønskjer å planleggje eit utvekslingsopphald som kan tematisk passe innanfor ein eller fleire av desse målsettninga, så er sjangsen stor for at du kan reise ut under vår godkjenning.

Ta kontakt med oss dersom du tenkjer på å reise ut

Vi har ikkje eit søknadsskjema for utvekslingsopphald. Dersom du planlegger eit prosjekt, så vil vi at du tar kontakt med oss direkte, så avtaler vi eit møte der vi går gjennom dette saman og lager ein plan for korleis det eventuelt kan realiserast.