Utveksling gjennom Erasmus+
Skular og fylkeskommunar som ønskjer å delta i internasjonalt samarbeid, kan søkje om støtte gjennom Erasmus+ direkte til Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir).
Statsforvaltaren i Vestland har over fleire år administrert Erasmus+-midlar som har gitt tilsette innan opplæring i kriminalomsorga høve til å delta på utvekslingsopphald i andre europeiske land. Frå skuleåret 2026/2027 administrerer ikkje Statsforvaltaren i Vestland lenger Erasmus+-midlar til utvekslingsopphald.
Verdifulle erfaringar frå tidlegare utvekslingar
Internasjonalt samarbeid har gitt mange tilsette innan opplæring i kriminalomsorga høve til å møte kollegaer i andre europeiske land og sjå korleis opplæring i fengsel blir organisert og gjennomført der.
Erfaringane frå utvekslingsopphalda har vore positive. Deltakarane har fått nye perspektiv på eigen praksis, konkrete idear til undervisning og organisering og betre kjennskap til utdanningssystem og opplæringstilbod i andre land. Reisene har også bidrege til nettverksbygging og erfaringsdeling mellom lærarar, skuleleiarar og andre yrkesgrupper som arbeider med opplæring og tilbakeføring.
Opplæring i kriminalomsorga er eit relativt lite fagfelt i Noreg. Kontakt med tilsvarande miljø i andre land kan derfor vere særleg verdifullt. Mange av problemstillingane er felles på tvers av landegrensene, samtidig som ulike land har utvikla forskjellige løysingar og arbeidsmåtar som det kan vere nyttig å lære av.
Vi håpar derfor at skular og fylkeskommunar også framover vil nytte moglegheitene Erasmus+ gir til internasjonalt samarbeid og fagleg utvikling.
Slik kan de gå vidare
Erasmus+ gir skular, skuleeigarar og andre aktørar innan opplæring fleire moglegheiter for å søkje støtte til læringsopphald og internasjonalt samarbeid.
Skular og fylkeskommunar som ønskjer å undersøkje moglegheitene for utveksling, finn informasjon om aktuelle ordningar, søknadsfristar og krav hos Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir).
For verksemder som ikkje har erfaring med Erasmus+ frå før, kan enkeltståande mobilitetsprosjekt vere ein aktuell inngang til programmet. For verksemder som ønskjer å arbeide meir langsiktig og regelmessig med internasjonal mobilitet, er det også mogleg å søkje om Erasmus+-akkreditering.
Sjå meir informasjon om Erasmus+ og aktuelle søknadsmoglegheiter hos HK-dir.