Nordisk nettverk

Fagleg og pedagogisk samarbeid i Norden.

Nordisk nætverk for voknes læring (NVL) 

Programmet blir administrert av VIA University College og finansiert av Nordisk ministerråd. NVL har som mål å fremje livslang læring på tvers av sektorar og på tvers av dei nordiske grensene, blant anna ved å bidra til utvikling av politikk og praksis gjennom arbeid i nettverk. Statsforvaltaren i Vestland deltar i to nettverk i NVL - Nordiskt nätverk för utbildning i fängelse og Kompetenceudvikling af ansatte i voksenuddannelse.

Nordiskt nätverk för utbildning i fängelse

Nettverket har eksistert sidan NVL vart etablert i 2005. Nettverket skal medverke til kunnskapsutvikling på feltet for å støtte opp under opplæring i rehabiliteringsprosessen, og har som abmisjon at den kunnskapen ein har tileigna seg skal bli formidla vidare til relevanter aktørar på fengselsarenaen. Nettverket har sidan 2018 initiert og koordinert mindre nordiske arbeidsgrupper som er tematisk avgrensa, og har som har ein tidsavgrensa mandatperiode. Det er forventa at arbeidet vil føre til konkrete resultat til bruk på eit operativt nivå.

Arbeidsgruppe for samarbeid mellom skule og arbeidsdrift 

Nordiskt nätverk för utbildning i fängelse ønskjer å bidra til utvikling ved at arbeidsgruppa undersøkjer korleis ein kan skape fleire moglegheiter til yrkesutdanning gjennom samarbeid mellom skule og arbeidsdrift, og ved at den reflekterer over korleis arbeidsdrifta kan bli styrka som arena for opplæring. To deltakarar frå Noreg deltar, ein frå kriminalomsorga og ein frå skuleverket. Arbeidet startar hausten 2021. 

Nordisk arbeidsgruppe for opplæring av unge i fengsel 

Arbeidsgruppa skal undersøkje korleis ein kan bidra til at flest mogeleg unge insette under 25 år kan både starte og fullføre ein utdanning. To deltakarar frå Noreg deltar, begge er fagkoordinatorar for temaet unge innsette. Arbeidet starter våren hausten 2022.  

Kompetenceudvikling af ansatte i voksenuddannelse

Tverrgåande nettverk med formål om å skape synergi mellom den samla kunnskapen og erfaringen som NVL-nettverka til saman har. Nettverket arbeider med temaet kvalificering og kompetenceudvikling af ”voksenlærere” forstået som ansatte, der udvikler, gennemfører, og planlægger voksnes læring og kompetenceudvikling i forskellige læringsarenaer.

Frå Noreg deltek representantar frå Bryne videregående skole i pilotprosjekt som skal utvikle, prøve ut og evaluere ein organisk og fleksibel modell for praksisnær kompetanseutvikling for personar som arbeider med læring for vaksne. Prosjekta blir avslutta våren 2022.